Hei 😊

GLED NOKON MED EI HEILT SPESIELL OG VELGJERANDE GÅVE!

Bestill elektronisk gåvekort på Klinikk Svinten og send det på mail til nokon du ynskjer å gi ei gåve til!

Enkelt og raskt – ei glede for deg og ei glede for mottakaren.

L

Svinten er ein privat klinikk som tilbyr:

  • Massasje
  • Muskelterapi

Svinten er ein privat klinikk som tilbyr:

  • Massasje
  • Muskelterapi

Svinten

Me på klinikk Svinten er eit tilbod til deg som ynskjer hjelp til å meistre din kvardag betre. Gjennom muskelterapi og massasje kan du oppnå smertelindring, betre mobilitet og med det få ein kropp som fungerer betre i dine daglege gjeremål.

Muskelterapi & massasje

Dei fleste av oss opplever smerter og plager i muskel- og skjelettsystemet frå tid til anna. Det kan det vera mange grunnar til. Alt frå arbeidssituasjon, fritidsaktivitetar og daglege gjeremål kan vere med å skape eller oppretthalde disse plagene. Gjennom behandlingsteknikkar som har som formål å auke mobilitet, stabilitet og sirkulasjon i kroppen ynskjer ein å oppnå smertelette og betre funksjon i kvardagen. I mi behandling legg eg stor vekt på å gi deg kunnskap om dine plager og gi deg verktøy til eigenbehandling.

Har du smerter eller plagar som påverkar din kvardag? Eller treng du massasje for stive og ømme musklar?

Tilsette

Geir Albert Raknes

er muskelterapeut og massør. Han har ein bachelorgrad i osteopati og har fleire års erfaring på klinikk i Oslo som massør og treningsvegleiar. Han har og jobba i mange år som instruktør innan styrketrening.

Du finn oss her

«SVINTEN» er frå gamalt av det lokale tilnamnet på kolonialbutikken G. Eikemo i Urangsvåg. Namnet fekk butikken fordi han var så lagleg plassert. Folk gjekk forbi til og frå jobb og han låg sentralt i bygda. Han var med andre ord «svinten» å bruka.

Ynskje vårt er at den sentrale plasseringa, med gode parkeringstilhøve, vil føre til at også Klinikk Svinten vil opplevast som lett å komma innom for våre kundar.

Svinten

Bestill behandlinga di her

Bestill behandlinga di her

Loading...

Opningstider for klinikken kan variere.
Timar for behandling mellom kl. 08.00 og 20.00

Om du har vanskar med bestilinga eller behov for kontakt,
ring oss gjerne på tlf. +47 929 98 545

Prisliste

Muskelterapi - Førstegongskonsultasjon

- 1 t 15 min

Kr 650,-

Muskelterapi - Oppfølging

- 60 min

Kr 590,-

Massasje

- 60 min

Kr 590,-

Massasje

- 45 min

Kr 550,-

Massasje

- 30 min

Kr 490,-

Foto: Vegard Røsland